Gunleif Stokkeland
Hopp til navigering
Hopp til søk
Gunleif Stokkeland | ||
---|---|---|
Født: | 22. september 1890 | |
Død: | 1982 (alder 91–92) |
Gunleif Stokkeland (fødd 1890, død 1982) var sjakthoggar og snikkar i Flåt nikkelgruve. Han byrja i gruva i 1928 og var der til 1945. Frå 1929 til midt på 1960-talet budde han med familien på Landsverk-garden som låg 500–600 sør-aust for gruva. Han dreiv garden på kveldstid. Han skal ha vore ein arbeidsmaur og ein flink bonde. I gardsarbeidet brukte han bare hest, aldri traktor. Rundt 1965, då han var midt i 70-åra, gav han opp gardsdrifta og flytta til sentrum i Flatebygd.
Gunleif var frå Stokkeland i Kvinesdal. Han var gift med Karen Stokkeland, som også var frå Kvinesdal. Dei hadde fem born saman; Osvald, Anny, Gudny Gautestad, Ola Stokkeland og Kristine.
Kjelder
- Erik Kjebekk, Den siste gardbrukaren på Nordre (Øvre) Landsverk, artikkel i samlinga Dei gav oss ein verdifull arv, utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 2021, side 21–31
- Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 557