Gjensidigestiftelsen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein slik bil fekk Setesdal Brannvesen av Gjensidigestiftelsen i 2016

Gjensidigestiftelsen er Norges største stiftelse. Den vart etablert i 2007 og eig om lag 62% av aksjene i forsikringsselskapet Gjensidige. Formålet er «å bidra til et tryggere, sunnere og mer aktivt Norge gjennom å støtte frivillige organisasjoner og ildsjeler.» Det er særleg prosjekt innan tryggleik og helse som får støtte, frå 2011 har ein særleg hatt augo retta mot oppvekstvillkåra til barn og unge. Lag og organisasjonar kan søke om støtte til prosjekt. Søknadsfristen er 15. september kvar år.

«Det store brannløftet»

I mars 2016 annonserte Gjensidigestiftelsen at dei ville gje 350 millionar kroner til brannsikringsarbeid i samband med Gjensidige sitt 200-årsjubileum. Tiltaket var kalla «Det store brannløftet». I samband med dette fekk Setesdal Brannvesen ein av 37 brannbilar stiftelsen delte ut. Dette var ein større brannbil, brannvesena i Arendal, Kristiansand og Flekkefjord fekk ein mindre bil. Gåva til Setesdal Brannvesen vart overrekt symbolsk måndag 23. mai 2016Knut Olav Austeid i Gjensidigestiftelsen besøkte Evje.

Kjelder