Gartnerløkka

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Gartnerløkka er eit trafikknutepunkt i Kristiansand, truleg det travlaste i heile Agder, og staden der Riksveg 9 tek til på si ferd mot Haukeli. Vestover frå rundkøyringa på Gartnerløkka går Europaveg 39. Austover går Europaveg 18. Over Gartnerløkka går ei trefelts høgbru.

Historie

Opphaveleg var området ei stor og skrinn sandslette. Frå midten av 1700-talet freista ein å dyrke henne opp. Løkka var på mange ulike hender fram til 1887. Då sette den danske gartnaren Kristensen i gang oppdyrking, og staden fekk sitt namn.

Kjelder

Kart

Laster kart ...