Fylkesveg 3798

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Fv-312 forbi skulane på Evje.

Fylkesveg 3798 (tidlegare Fylkesveg 312) startar frå Riksveg 9 i krysset sør for Evje sentrum, går nordover gjennom sentrum til Arendalskrysset, passerer der over Fylkesveg 42 (Arendalsvegen), og fortset vidare nordover forbi Evje ungdomsskule, Evje barneskule og Oddeskogen bustadfelt til Evje kyrkje. Ved kyrkja munnar vegen ut i Fylkesveg 3782 (Gautestadvegen). Vegen er 2,3 km lang.

Dei lokale namna på Fv-3798 er Nils Heglands veg gjennom Evje sentrum til Arendalskrysset, og Evjevegen frå Arendalskrysset til Evje kyrkje. Fram til «kompensasjonsvegen» kom gjennom Evje rundt 1966 var dette vegstrekket ein del av hovudvegen gjennom Setesdal.

Kjelder

Kart

Laster kart...