Fylkesveg 3772

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Fylkesvegen forbi Lietjørna på grensa mellom Iveland og Evje og Hornnes.

Fylkesveg 3772 (tidlegare Fylkesveg 292) går frå Fylkesveg 42 (Arendalsvegen) på Galteland i Evje og Hornnes sørover og seinare austover heia til han treff på Fylkesveg 291 ved Stoblemyr aust for Frikstad i Iveland. Langs vegen ligg gardane Galteland, Rosseland, Høgetveit, Lauvland, Vånne og Lie, Øvre i Evje og Hornnes. Ein passerer også mange gamle gruver, til dømes Kvasshamar gruve, Liegruva og Brattekleiv gruve i Evje og Slobrekka i Iveland. Vegen er 12,6 kilometer lang.

Historie

Frå gamalt av gjekk det kløvveg over heiane frå Lauvland i Evje til Iveland. I 1895 vart det bygd veg frå Klepp til Vånne i Evje. Endå før det igjen hadde det kome veg frå Galteland til Lauvland. I 1926 blei det bygd veg frå Lauvland vidare til Vånne. Dette vart gjort som naudsarbeid. Så endeleg, på byrjinga av 1950-talet, starta bygginga av ein veg frå Håverstadvegen i Iveland over Frigstad til Vånnevegen. Dette vegstykket stod ferdig i 1954. Då var det omsider kome sambandsveg mellom Evje og Iveland. Vegen vart høgtideleg opna 30. september 1954.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart...