Fotballgruppa Otra IL

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Fotball skaper venskap. Jenter frå Otra og Guayaquil i Ecuador etter venskapskamp på EHbanenEvje 18. juni 2014.

Fotballgruppa i Otra IL har til føremål å legge til rette for og organisere eit fotballtilbod i nærmiljøet (EvjeHornnesByglandsfjord). Gruppa har to hovudmål: Å gje eit godt sportsleg og sosialt aktivitetstilbod til ALLE som har lyst til å spele fotball, og å få flest mogeleg barn og ungdomar i bygda med på fotball – fysisk aktivitet.

Fotballgruppa var ei av dei opprinnelege gruppene då Otra IL blei stifta i 1960. Saman med skigruppa og handballgruppa, er fotballgruppa (2023) ei av dei største gruppene i idrettslaget. Gruppa hadde ca 300 aktive fotballspelarar i 2018 og ca 280 i 2022.

Leiar i gruppa 1991–1995, og igjen frå 2008–2018 var Geir Daasvatn. Etter årsmøtet i mars 2019 tok Jon Gunnar Kjetså over som leiar. Han blei igjen avløyst av Andreas Engebretsen frå våren 2021.

Anlegg

Hovudanlegget til fotballgruppa er EHbanen, kunstgrasbanen ved Evje stadion, frå hausten 2011. Reservebane er grasbanen ved Hornnes stadion. Om vinteren trener laga inne i hallen på Evjetun, i Evje flerbrukshall, i ÅrdalshallenByglandsfjord eller i Otrahallen på Hornnes.

Arrangement

Frå 2012 byrja fotballgruppa å arrangere ei åreviss miniturnering for born mellom 8 og 12 år. Turneringa har stadig blitt utvida. Frå 2015 heitte ho Europris Vårcup, og vart arrangert i april månad. Europris Evje var hovudsponsor for turneringa i 2015, teikna ny avtale for 2016–2017 og fornya igjen for 2018–2022. Frå og med 2023 er TrollAktiv hovudsponsor for cupen, som då har skifta namn til TrollAktiv Cup.

Kvalitetsklubb

Sommaren 2023 blei Otra IL fotball sertifisert som kvalitetsklubb av NFF Agder. I 2024 blei Otra IL utpeika som pilotklubb i NFF Agder, saman med fem andre klubbar, med tilskot av midlar til å opprette ei 50 % stilling som aktivitetsleiar for å hindre fråfall blant unge i idretten.

Historie

Det gode smågutelaget i 1975, som vann alle kampane sine og hadde 60-0 i målforskjell då sesongen var slutt.
Foto: Faksimile Setesdølen

Otra vart krinsmeister i 5. divisjon i 1964 i Vest-Agder Fotballkrets, og igjen i 1967. I 1975 gjorde smågutelaget ein spesiell prestasjon, då laget spelte heile sesongen utan å sleppe inn eit einaste mål (målforskjell 60-0). Fleire av dei same spelarane var med vidare på gutelaget i 1976, som vart krinsmeistar i Gutar B-klassen. I 1977 hadde fotballgruppa eit særs godt gutelag, som vann si avdeling i A-serien. Men i finalen i Sørlandsmeisterskapen (krinsmeisterskapen) blei det tap mot Jerv frå Grimstad. Dette året hadde Otra altså det nest-beste gutelaget på heile Sørlandet.

A-laget hadde ei stordomstid rundt 1980. Først vann laget 6. divisjon og blei krinsmeister i 1979. Etter det vann laget 5. divisjon og vart krinsmeister i 1980, og rykka opp til 4. divisjon. I 1981 vart Otra nr. 6 i 4. divisjon (det som er 3. divisjon i dag), og det er den høgaste plasseringa klubben nokon gong har oppnådd gjennom dei meir enn 50 åra Otra har hatt fotballag. I 1983 var stordomstida over, og Otra rykka ned til 5. divisjon igjen og kort etter til 6. divisjon.

Seinare kom det eit oppsving i 1989, då A-laget igjen vann 6. divisjon, og deretter spelte i 5. divisjon i fleire sesongar. Damelaget vann 4. divisjon i 1999 og blei krinsmeister.

I 2010 vann A-laget 6. divisjon avdeling 3. Men i sluttspillkampar om opprykk til 5. divisjon vart det to tap (Kvinesdal 1-2, Randesund 2 0-9), og laget rykka ikkje opp. I 2023 speler A-laget til Otra i 6. divisjon, som er den lågaste divisjonen (nivå 7) i fotballen i Agder Fotballkrets.

Lag

Leiarar

Kjelder

Eksterne lenker