Fjermedal


Fjermedal (nedre) er ein gard (gnr. 62) i Fjermedalen aust i Iveland, på grensa mot Vegusdal i Birkenes. Rett over kommunegrensa, litt lenger nord i dalen, ligg Fjermedal Øvre. Gjennom garden og dalen renn Fjermedalsåna. Fjermedal er ein av landnåmsgardane i Iveland. Det er to bruk på garden, «Der ute» og «Der ne´e». På «Der ute» bur det ikkje lenger folk. Bygdesogeskrivaren Aslak Fjermedal kom frå «Der ne´e». Her ligg også Iveland og Vegusdal bygdemuseum. Sonesonen Aslak T. Fjermedal bur på dette bruket i dag saman med kona Marit Fjordheim.
Fornminne
På Borgjåsen ligg ei bygdeborg. Det er også 7-8 kjende gravhaugar på garden.
Historie
Bygdeborga gjer at garden truleg minst må vere frå folkevandringstida (400-600 e. Kr.). På 1500- og 1600-talet var han kyrkjegods for Iveland kyrkje. Rundt 1680 delte to brødre garden mellom seg, og bygsla kvar sin halvpart. Frå denne tida har det vore to bruk på garden. I 1723 selde Kongen kyrkja og kyrkjegodset. Fjermedal blei seld til kaptein Peter Brun. Han selde garden vidare til Torgeir Pedersen i 1724, og etter det var garden sjølveigargods.
Kjelder
- Aslak Fjermedal, Iveland II - Ålmenn kultursoge, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 1962, side 148-150
- Aslak Fjermedal, Iveland I - Gards- og ættesoge, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 1955, side 874-887