Fjellkommunar
Hopp til navigering
Hopp til søk
Fjellkommunar er kommunar der mykje av arealet ligg minst 700 meter over havet. Dei dekker 40 prosent av landarealet, men har bare sju prosent av folketalet i Norge. 103 fjellkommunar er med i Fjellnettverket, der Karl Randen er dagleg leiar. Alle kommunane i Setesdal er med i Fjellnettverket gjennom Setesdal regionråd. I mars og april 2025 gjennomførte Østlandsforskning ei intervjuundersøking der dei spurte folk som hadde flytta til ein kommune i Setesdal dei siste fem åra, men som ikkje hadde vakse opp i Setesdal, om kvifor dei flytta.
Kjelde
- Sigurd Haugsgjerd: Kvifor flyttar folk til Setesdal? Artikkel i Setesdølen nr. 16, 2025 side 6