Ferja, brua og ny-vegen i og omkring Byglandsfjord

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Ferja brua veg B-ford 2018.jpg

Ferja, brua og ny-vegen i og omkring Byglandsfjord er eit lokalhistorisk hefte om ferja i Senumsundet, bygging av bru over Senumsund, kompensasjonsvegen etter jernbanenedlegginga i 1962 og vegendringa i området i og rundt Byglandsfjord etterpå. Heftet er eit framhald av Ridesti og gamle vegspor omkring Byglandsfjord, som kom ut i 2017. Utgjevingsår for denne oppfølgaren er 2018. Forfattar er Reidar Tveito. Ved sida av mykje interessant lokalhistorisk stoff, inneheld heftet ei stor mengde historiske og nyare bilete. Dei fleste bileta er forfattarens eigne. Heftet er trykt hos Bjorvand & Co AS i Kristiansand. Det har 88 sider. Pris: 200 kroner. Heftet er å få kjøpt mellom anna på COOP Marked Byglandsfjord, og hos Norli Evje. ISBN 978-82-691242-0-0.

Innhald

  • Innleiing (side 3)
  • Ferjer og båtar i dalen (side 4)
  • Senumsbåtane (side 6)
  • Då Gullsmedmoen var sentrum (side 8)
  • Senumsferja. Dei eldste roferjene (side 14)
  • Motorferje etter 1954 (side 19)
  • Vanskar med motorferja (side 25)
  • Ferjevegen og Strandgata (side 28)
  • Ferja vart lagt ned (side 30)
  • Senumsund bru, historikk (side 32)
  • Kjerringodden, eller Vaskeplassen (side 32)
  • Anlegg og fundamentstøping (side 38)
  • Kvar skulle bruvegen leggast? (side 45)
  • Stålbjelkane kjem på plass (side 46)
  • Bruopning 19. oktober 1966 (side 48)
  • Forsterking av brua (side 50)
  • Brua får EU-rekkverk (side 52)
  • Kompensasjonsvegen, historikk (side 54)
  • Ymse arbeid med riksvegen (side 56)
  • Komp.vegen Dammen - Kalveskinnsupsa (side 58)
  • Komp.vegen rundt Lillekilen (side 62)
  • Kompensasjonsvegen ferdig (side 64)
  • Ny-vegen, før anleggsstart (side 66)
  • Skjeringa gjennom åra (side 68)
  • Fjellklang og Gunnar Syrtveits verkstad (side 72)
  • Ny-vegen ved Meieriet (side 76)
  • Ny-vegen Stavenes - Breidablikk - Abusdal (side 78)
  • Vegomlegging Sandviksbukta - Revsnes (side 80)
  • Vegomlegging Fyrste og Andre odde (side 82)
  • Nesvika, Heimårsvingen (side 84)
  • Nesetsvingen legges om (side 85)
  • Hjelparar og ulike kjelder (side 86)
  • Årstal som er bruka i heftet (side 87)