Feddufs
Hopp til navigering
Hopp til søk
Feddufs (gnr. 25 bnr. 29) er ein gamal, liten og bratt husmannsplass ovanfor garden Lii i Oveinang i Valle. Feddufs var plass under Flateland. Mellom dei som budde på plassen, rundt 1850-talet, var Olav Olsson Rygnestad og Åse Åsmundsdotter Dale. Dei var foreldre til ein syskjenflokk på seks, mellom dei den kjende presten og religionsgranskaren Torleif O. Homme.
Feddufs er for lenge sidan fråflytt. Men vollane ligg der, og ei lita løe, som talande minne om det som ein gong var.
Kjelder
Olav Arne Kleveland, Torleif Homme - Med hjartespråket som leiestjerne, utgjeve av Valle Sogelag, 2005, s. 11