Faremos undergang

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Faremos undergang
Bortgjøymt etter mange år
Foto: Reidar Tveito
Undergang og gangveg i 2010
Foto: Reidar Tveito

Faremos undergang er ikkje noko offisielt namn, men men eit namn som har oppstade på folkemunne om ein liten bit av fylkesveg 305, Senumsveien. Dette er ein kort samanbindingsveg over Senumsund bru, som går mellom rundkøyringa sør for Byglandsfjordriksveg 9 og fylkesveg 304Gullsmedmoen.

Senumsund bru vart bygd i 1965-66, og for å redusera kostnaden ved anlegget, ynskte vegsjefen i ein periode å nytta stasjonsområdet på Byglandsfjord som tilførselveg på austsida. Dette området låg aude etter at Setesdalsbanen vart nedlagt nokre år tidlegare.

Byglandsfjord ungdomssenter. Bygland kommune gjekk imot vegsjefen sidan det låg føre planar om eit stort ungdoms- og idrottssenter i området. Difor vart tilføringsvegen til brua lagt etter opphaveleg plan, frå riksvegen og etter Vetterveg framom Hampetjønn og tvert over den tidlegare traseen til jarnbanen. Vegen ville dela opp det planlagde ungdomssenteret. Osmund Faremo hadde arbeidd mykje med dette senteret, delvis for å bruka området til noko, og for å få til nye arbeidsplassar for alle som hadde gått tapt etter nedlegginga av banen og moderniseringa av Byglandsfjord Dampsag.

For å betra sambandet mellom delane av idrottssenteret, meinte Faremo ein måtte få til ein undergong under Senumsveien samstundes som veg og bru var under anlegg. Vegsjefen gjekk med på dette, og undergongen vart støypt like ved brua. Ungdomssenteret vart det ikkje noko av sidan ein ikkje klara å skaffa kapital til så stort eit anlegg. Undergongen vart sidan bruka av nokre til båtopplag, og ymse ungdommar skaffa seg røynsle for tagging av betongveggane.

Til sin rett til slutt. Bygland kommune måtte byggja nytt Byglandsfjord renseanlegg like ved Senumsund bru, og på førespurnad om ein ikkje kunne få til ein gangveg samstundes gjennom undergangen, var svaret at det hadde dei alt tenkt på. I frå 2010 kunne ein gå samanhengande langs fjorden heilt frå slippen til DB Bjoren, framom husa på Agderstrand, over bryggane til Byglandsfjord Båtforening, gjennom Faremos undergang, forbi Byglandsfjord psykiatriske senter og etter den gamle jarnbanelina til Vassend. Kommunen sette óg i stand jarnbanebrua på ein trygg måte.

Kjelder

Kart

Laster kart...