Engen kalkanlegg
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Engen kalkanlegg er eit kalkdoseringsanlegg i Dåsåna ved Engenbrua på Uleberg i Dåsvannsdalen i Hornnes. Byggherre er Evje og Hornnes kommune. Kommunen har også ansvar for drift og vedlikehald av anlegget. Men byggekostnadane blei dekka av Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder. Smeland Byggservice stod for oppføring av anlegget (2017). Grunnarbeida blei utførte av Austenaa Transport.
Eit tilsvarande anlegg ligg litt lenger sør i Dåsvannsdalen, i Skjerka rett nedstraums Uleberg kraftverk. Dei to anlegga skal sikre jamnt, naturleg pH-nivå i Dåsånavassdraget, som frå gamalt av er eit naturleg gyte- og leveområde for byglandsbleka. Automatisk styring skal syte for å tilføre rett mengde kalk til elva i forhold til målt vassføring og pH.
Kjelder
- Ole Birger Lien, Fylkesmannen satsar millionar for bleka, artikkel i Setesdølen nr. 72, 2017, side 5
- Om to nye kalkdoserere på heimesida til Evje og Hornnes kommune