Djupetjønn hyttegrend
Hopp til navigering
Hopp til søk
Djupetjønn hyttegrend er eit hyttefelt sentralt på Hovden, vest for Djupetjønn og nord for Breivevegen. Gjeldande reguleringsplan for området er vedteke av Bykle kommunestyre 21. februar 2007. Denne siste planen var ein fortettingsplan i høve til tidlegare reguleringsplan. Det blei opna for å bygge doble bueiningar på ein del tomter, og lagt inn nokre nye vegar i planen.
Kjelder
- Vedtak i Bykle kommunestyre 21. februar 2007 (sak 24/07) med saksframlegg