Dåsneskrysset

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Dåsnes med Dåsneskrysset i 2011, før rundkøyringa kom i 2013.

Dåsneskrysset var eit trafikknutepunkt i Dåsnes i Evje og Hornnes. Riksveg 9 går forbi Dåsnes. Fylkesveg 311 går gjennom Dåsnes til Fennefossbrua. Fylkesveg 302 går nordover frå Dåsnes gjennom Dåsvannsdalen til fylkesgrensa mot Vest-Agder på Staven øvst i Linddalen. Alle desse vegane møter kvarandre i Dåsnes. Her er det bensinstasjon, matvarebutikk og bilverkstad. I 2013 vart Dåsneskrysset bygd om, og erstatta av ei stor rundkøyring.

Kart

Laster kart ...