Byglandsfjord Sag

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Tømmerlager med sagbruket i bakgrunnen
Skurlina på Byglandsfjord Sag
Foto: Reidar Tveito
Byglandsfjord Sag 6. februar 2020.

Byglandsfjord Sag AS er eit sagbruk og høvleri som ligg på VassendøyaByglandsfjord. Bedrifta har 29 tilsette (2021), dei fleste med fagbrev eller autorisasjon innan trelastarbeid, og omsette i 2011 for 54 mill. kroner. I 2015 var omsetninga 58,5 mill. Sagbruket sagar ca. 50.000 m³ tømmer kvart år og sel trelastmaterialar engros, både kvit- og trykkimpregnert, til byggeforretningar, for det meste på Sørlandet og Vestlandet. Dagleg leiar til 2018 var Roger Lund. Frå sommaren 2018 er Per Arne Teslo tilsett i stillinga.

I 2016 installerte saga eit nytt flisfyringsanlegg til 7 millionar kroner. Anlegget var levert av Bygland Varmesentral. Innovasjon Norge støtta tiltaket med 2,2 mill. kroner via sitt bioenergiprogram. Omsetninga i 2017 var over 58 mill. Det var opp 6 mill. i høve til året før. Det var likevel eit underskot i drifta på 4,6 millionar kroner.

I 2021 gjorde verksemda utvidingar for å auke precut-segmentet. Det blei bygt ein ny stålhall på 800 m2, og investert i ei ny precut-sag. Totalt var investeringane på 8–9 mill. kroner. Omsetninga var i 2019 auka til 66,3 mill. kroner.

Historie

Byglandsfjord Sag vart starta opp som KS Byglandsfjord Sag 9. oktober 1986. Då var produksjonskapasiteten 40.000 m³ i året på eitt skift. Sagavdelinga vart utvida i 2002. KS-firmaet vart overteke av ANS Byglandsfjord Sag i 1988. I 2021 blei verksemda omorganisert til aksjeselskap. Firmaet har desse eigarane:

  1. Marnar Bygg II AS, 52 % eigarandel (eigd av Per Birkeland)
  2. Leif Hübert AS som har 48% eigarandel

Kjelder

Eksterne lenker