Byglandsfjord Dampsag & Høvleri, avdeling Kristiansand

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Dampsagas sagbruk i Kristiansand. Kusk var Knut Abusdal
Foto: Foto frå Dampsagas jubileumsbok i 1948
Driftsbygg og plankestablar strakk seg over heile området i bakgrunnen. I framgrunnen til høgre, ein Skibsplast av god årgang.
Om dette var sagbrukets driftsbygg, eller om det seinare vart reist på grunnmurane etter sagbruket, er uvisst.
Foto: Reidar Tveito

Utanom sagbruket på Byglandsfjord, så hadde Dampsaga i si tid eigedomar i Evje og Hornnes, og sagbruk, lager og hus i Kristiansand.

Byglandsfjord Dampsag & Høvleri, avdeling Kristiansand var ei avdeling av sagbruket på Byglandsfjord, som i si tid også hadde eigedomar i Evje og Hornnes kommune. Lageret og utsalget ved jarnbanestasjonen i Kristiansand kom opp i 1901, men måtte avviklast då trafikken med danskeferjene auka på slutten av 1950-talet. Men Dampsaga hadde også sett opp eit mindre sagbruk i Østre Strandgate.

Sagbruket i Kristiansand vart reist

I eit styremøte på A/S Byglandsfjord Dampsag & Høvleri i 1907, vart det vedteke å forhandle med Otterdals Interessentskab om eit samarbeid innan trelastnæringa, eventuelt ei samanslåing. Otterdalen hadde alt eit sagbruk inn mot Østre Strandgate, der kor Nupen-parken (Otterdals-parken) ligg i dag. Men eit samarbeid vart avvist, så Dampsaga vedtok i 1909 å byggja sitt eige sagbruk i området. Fyrst freista dei å taka over Kjøita Sagbruk, som var på handel då, men til sist kjøpte dei opp Carlsens verft og Løhmanns verft. Desse verfta låg inn mot det området som byfolk kallar Langfeldts almenning, mellom Christiansholm festning og der den store svømmehallen ligg i dag.

Drifta gjekk bra i 20 år

Sagbrukstomta strekte seg over eit bykvartal, avgrensa av Holbergsgate, Østre Strandgate og Kronprinsens gate. I 1910 vart eit murhus reist på Carlsens verft etter teikningar av ingeniør Endre Refnes. Etter eit par års drift vart det klart at ein trong ein hest til utkøyring av materialar og ved. Hest vart kjøpt inn i 1912. Sagbruket gjekk bra fram til nedgangstidene i 1930-åra. Då vart drifta lagt ned, og tomta seld i 1933.

Framleis spor etter sagbruksdrifta i 2013

I 1945 var framleis deler av tomta open, og ma. så hadde Venneslaruta ein liten verkstad der. Etter kvart vart dette kvartalet utbygd tett i tett med bustad- og næringsbygg. I 2013 var det berre eitt frittståande bustadbygg attende, omgjeve av ein frodig eplehage. Dette var eit murbygg i to høgder som vart lyst ut for sal i mai 2013. Antyda pris var fyrst på 18 mill. kroner, men i august gjekk hus og tomt for 16 millionar. I juni 2014 kunne media opplyse at Skeie Eiendom hadde planar om å fjerna bygget, og deretter legga den 1,3 mål store tomta til rette for mellom 10 og 20 husværeeiningar.

Plan for eit nybygg på tomta kom i 2015, då for eit bustadbygg på 3 etasjar der utbyggar Bjarne Skeie sjølv skulle ha toppetasjen.

I Fædrelandsvennen hadde selgar opplyst at dette huset vart sett opp som ein driftsbygning for Byglandsfjord Dampsag i si tid, men i boka Rusleturar i Kvadraturen er det opplyst at bygget vart reist på grunnmuren til Dampsagas driftsbygg i 1933. Korleis dette enn er, så er det ganske visst at både hus og grunnmur kjem til i bli erstatta av eit mykje større bustadkompleks. Og så vert alle spor borte etter Dampsaga periode i Kristiansand, på same vis som på Byglandsfjord.

Kart

Laster kart...

Kjelder

Ekstern lenke