Bygland Luftsportklubb
Hopp til navigering
Hopp til søk
Bygland Luftsportklubb vart stifta 30. november 2016. Styreleiar er Amun Røstøen Løvland. Med seg i styret har han nestleiar Yngvar Udø og styemedlem Rolf Sigurd Løvland.
Klubben står bak Gamaveka Extreme, eit luftsportsarrangement på Prestneset der folk som driv med hanggliding kan utfalde seg om sommaren. Når Byglandsfjorden er open, organiserer klubben opptrekk med båt, når fjorden er islagd, nyttar dei vinsj for opptrekk.
Kjelder
- Jan Olsen: Påske-pilotar. Artikkel i Setesdølen nr. 24, 2018 side 12