Byggjetradisjonar i Setesdal

Byggjetradisjonar i Setesdal er ei utstilling på Setesdalsmuseet som vart opna fredag 10. juni 2016 klokka 14 av ordførar Steinar Kyrvestad.
«Museet set fokus på at Setesdal har ein rik bygningsarv med svært høg alder. Ca 20 % av alle registrerte bygningar frå før 1650 finn ein i Setesdal og av desse er over 20 frå middelalderen. Bygningar utgjer ein stor del av kulturminna og gjev identitet og tilhøyrigheit til dalen. Mange bygningar uttrykkjer dei kulturelle skilnadane og endringane i landskapet. For Setesdal er eit tydeleg fokus på kulturarven positivt både for turisme og med tanke på kunnskap og handtverk lokalt.» heiter det i omtalen av utstillinga før opninga.
Utstillinga syner byggjetradisjonane frå før Svartedauden og fram til 1900. Ein kan sjå både den tekniske utviklinga og korleis fenomen som Svartedauden og overtru har hatt innverknad på utviklinga i byggjeskikken. Utstillinga passar for store og små, som også kan få prøve å lafte i småskala og prøve ulike reidskapar.
Bygningskonservator Anders Dalseg er ansvarleg for utstillinga.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: Utstillingsopning på Setesdalsmuseet. Artikkel i Setesdølen nr. 43, 2016 side 3