Buhunden Sonja og andre minne frå Homme, Valle i Setesdal
Hopp til navigering
Hopp til søk
Buhunden Sonja og andre minne frå Homme, Valle i Setesdal er ei bok som Ånund K. Homme gav ut i høve Kulturminneåret 2009. I boka har han samla barndomsminne frå Homme som vart nedskrivne på 1960-talet. Det han fortel om, hende rett før, under og litt etter andre verdskrigen.
Stykka gjekk som serie i lokalavisa Vestlandsnytt då Ånund K. arbeidde som lærar i Herøy på Sunnmøre. Seinare vart dei også trykte i Agder Tidend og i Setesdølen. For utgjevinga av boka har Setesdalsforlaget fått stønad frå Valle kommune og Valle Sparebank. Illustrasjonane er ved Inger P. Rysstad, Rysstad Interiør og Kunst. Hallvard Tveit og Hugo Homme har teke foto som er brukt i boka, som har ISBN 978-82-92441-66-4