Breienes

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Hytter på Breienes sett frå fjorden.
Soloppgang ved Breienes 1. juni 2017.
Foto: Geir Daasvatn

Breienes stikk ut i Byglandsfjorden sør for DalskilenDale i Bygland. Neset er bygd ut med fleire fritidsbustader. Rett sør-aust for neset ligg Langenesøyi, som før oppdemminga av fjorden også var eit nes (Langenes). Nordre spissen av Breienes heiter Tegleverkodden. Her skal for 200 år sidan ha vore eit teglverk. Det var opphavelege eit haugianertiltak der Hans Nilsen Hauge personleg var til Dalskilen for å sjå på leira der. I første omgang vart det truleg brent stein til papirmølla på Fennefoss i Hornnes.

Kjelder

Kart

Laster kart ...