Bjarne Wattne. 1912-1983. Kunstmålar og Reklameteiknar
Hopp til navigering
Hopp til søk

Bjarne Wattne. 1912-1983. Kunstmålar og Reklameteiknar er ei lita bok om kunstmålaren og reklameteiknaren Bjarne Wattne. Wattne var opphaveleg frå Evje, og budde dei siste 20 åra av livet sitt på Byglandsfjord.
Boka er skrive av dottera Randi Wattne Østerhus. Alf Georg Kjetså har hatt ansvar det rike biletstoffet. Det er både historiske familiebilete, bilete av landskapsmåleri frå Setesdal og andre stadar i landet, akvarellar, portrettbilete, reklameplakatar og mykje anna. Design og layout er ved Reidun Åvitsland/Setesdalstrykk. Boka er også trykt hos Setesdalstrykk. Ho er å få kjøpt mellom anna i Norli Evje. Pris: 250 kroner. 42 sider.
Kjelder
- Boka
- Sigurd Haugsgjerd, Han som teikna tobakksreven til Asbjørnsen, artikkel om boka i Setesdølen nr. 5, 2017, side 7