Bjørnaråfjellet naturreservat

Bjørnaråfjellet naturreservat ligg nord-aust for busetnaden på Bjørnarå opp til Løyningsdalen under Nasefjell. Området er verna ved kgl. res. 12. desember 2025 og er kome i stand gjennom ordninga med frivillig skogvern.
Føremålet med forskrifta er å ta vare på eit område som:
a. representerer ein bestemt type natur i form av gammal solvarm og tørr furuskog og boreal blandingsskog b. inneheld trua, sjeldan eller sårbar natur som kalk- og lågurtfuruskog.
Det er eit mål å ta vare på verneverdiane i mest mogleg urørd tilstand, og eventuelt vidareutvikle dei.
Naturreservatet omfattar følgjande gnr./bnr.: Bykle kommune: 18/2. Det dekker eit totalareal på ca. 2 310 dekar. Grensene går fram av vernekart datert Klima- og miljødepartementet desember 2025.