Bjåen høgfjellsline
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Reidar Tveito

Foto: Reidar Tveito

Foto: Geir Daasvatn
Bjåen høgfjellsline er ein verna telefonkurs. Denne strekk seg over 90 stolpar i området mellom Hovden og Bjåen. Det er meininga å taka vare på stolpar, jarn, isolatorar og einskildtråar for ettertida, og dette er ein del av Telenors verneplan for bygningar og installasjonar. Denne lina i frå 1920 var ikkje berre ein rikskurs, men også ein høgfjellskurs der ein har nytta kraftigare jarn for å klara ekstreme snøforhold. Det var også større trådavstand for å få betre ljodkvalitet.
Dette er Setesdals lengste museum, nest etter Setesdalsbanen på Grovane. Lina vart sett i stand som opphaveleg i 1996.
Kart
(Peikaren på kartet er omlag der biletet over til høgre viser telefonkursen)
Kjelde
- Rune Wikstøl: Historiske linjer, verneplan for Telenors bygninger og installasjoner. Norsk Telemuseum 1998. Side 31. ISBN 82-91335-18-4