Bjåen bru

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjåen bru sett frå Sæsvatn mot Breidvatn.Oppe til venstre ligg Bjåen Fjellstove.

Bjåen bru ligg på Bjåvegen, som går mellom Bjåen Fjellstove ved riksveg 9 og Bjåen ved Breidvatn. Brua går over det smale sundet der Sæsvatn munnar ut i Breidvatn. Vatna ligg på same nivå og har ei reguleringshøgde på 2 meter. Breidvatn ligg i Bykle kommune medan det aller meste av Sæsvatn ligg i Vinje kommune. Frå desse vatna byrjar Otra sitt løp gjennom Setesdal, så ein kan seie at Bjåen bru ligg aller øvst i Otravassdraget.

Kart

Laster kart ...

Kjelde

  • Norgeskart, Statens Kartverk