Austerhus

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den gamle Stigerboligen og uthusa i Vollen på Austerhus. Foto: Geir Daasvatn
Utsyn utover Flatebygd frå Austerhus 6. november 2012.
Foto: Geir Daasvatn

Austerhus (Østerhus) er ein gard (gnr. 61) i Flatebygd i Evje i Evje og Hornnes kommune. Han har opphaveleg høyrd til garden Flåt, men er seinare skild ut frå denne. Ein veit ikke sikkert når dette skjedde, men truleg i kristen mellomalder, og ganske sikkert før 1350. «Det er noko heilt spesielt med gardsnamn som sluttar på -hus», skriv Sigmund Monen i bokverket sitt om gruvedrifta i Setesdal. Han meiner slike gardar gjerne har vore krongods, eller offentleg eigedom, der mektige menn har halde til.

Austerhus var i starten eitt bruk. Men seinare er garden delt opp i bruka Haugan, Bakken, Vollen og Rygg. Haugan var lensmannsgard.

Kjelder

Sjå også

Kart

Laster kart...