Austenå gamle kyrkjegard

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Restar av den gamle kyrkjegardsmuren.
Kyrkjegarden ligg inne i skogholtet.
Foto: Geir Daasvatn

Austenå gamle kyrkjegard var i bruk på Austenå i Tovdal i gamal tid, truleg før Svartedauden (før år 1350). Restar av kyrkjegardsmuren er framleis synlege på vestre breidda av Tovdalselva. Når det var kyrkjegard på Austenå, er det også mykje truleg at det i gamal tid stod ei kyrkje der.

Kyrkjegarden låg opphaveleg på eit nes i elva, på Austenå. Men ein gong i tida har det vore ein stor flom, der elva fann eit nytt løp. Noko av kyrkjegarden forsvann med flommen, og kyrkjegarden kom for ettertida til å bli liggande «Vestenå».

I følge munnlege overleveringar søkte folk til kyrkje på Austenå frå nærliggande gardar både i Fyresdal og Setesdal. Kanskje ligg det setesdølar gravlagde på Austenå.

Kjelder

Kart

Laster kart ...