Apleknodden
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Apleknodden er eit lite nes på vestsida av Byglandsfjorden, det første neset ein kjem til nord for Bøåni, rett ved Fylkesveg 304. På nokre kart er neset kalla Rumpenes. Men det skal vere neset som ligg rett nord for Apleknodden.
Her låg husmannsplassen Apleknodden. Plassen vart aldri frikjøpt. Formelt var dette derfor siste husmannsplassen i Årdal sokn.
Kjelder
- Tormod Tveitå og Aanund Tveitå, Apleknodden - ein liten plass i skogen, artikkel i Jol i Setesdal 2018, side 54–56