Anne Lillegård

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Anne Lillegård
Født: 1792
Død: 1865 (alder 72–73)

Anne Lillegård (1792-1865) budde på Eidsborg i Tokke. Ho er kjelde for mange folkeviser, både Draumkvedet, Agnus Dei, legendevise og Hugaball.

Familie

Anne vart fødd på Turtedalen, ein plass under Bratterud i Eidsborg. Foreldra hennar var husmannen Aanund Saaveson og Tone Olavsdotter. I 1820 vart ho gift med Aasmund Halvorsson Kleivi. Dei budde først på Kleivi, men vart sidan husmannsfolk på Lillegård, ein plass under Nigard Dalen, garden til lensmann og stortingsmann Peter Mandt. Dei fekk tre døtrer, Ragnhild, Tone og Hæge. Mannen døydde alt i 1836, så ho sat i mange år som enke på husmannsplassen. Arne T. Aabø er ein av etterkomarane hennar og han har skrive ein artikkel om Anne Lillegård i årsskriftet til Tokke historielag.

Tradisjonsberar

Anne Lillegård lærte mange songar og viser av bestemora si, Johanne Kristiansdotter. I 1840-åra kom folkevisesamlarane på besøk til Telemark, og både M.B. Landstad, Jørgen Moe og Sophus Bugge skreiv opp visene hennar. I alt er det skrive opp 37 balladar etter henne. Arne T. Aabø tok i 2012 eit initiativ for å få opp eit minnesmerke etter Anne Lillegård, og sundag 16. juni 2015, 150 år etter at ho døydde vart det avduka ei minneplate i bronse i utkanten av Lillegårdplassen ved vegen til Rui på Eidsborg.

Kjelder