Anne Drivsli
Hopp til navigering
Hopp til søk
| Anne Drivsli | ||
|---|---|---|
| Født: | 1757 | |
| Død: | 24. juni 1829 (alder 71–72) | |
Anne Drivsli (fødd 1757, død 24. juni 1829) var husmann på plassen Drivslid på Austadheia i Bygland, noko vest for heiegarden Vestre Kile. Ho tok over plassen i 1783, etter at systera Tone døydde. Etter ei lang rekke rettsaker, der ho aldri gav seg trass i at ho tapte mange av sakane, flytta ho frå staden, kanskje i 1796. Men ho heldt fram med å reise inn på Austadheia med ein flokk geiter kvar sommar. 24. juni 1829 drukna ho då ho skulle ta seg over elva ved Vånarosen.
Det er mange segner om henne i Austad sokn.
Kjelder
- Vilborg Stubseid Hovet, Ein historisk stad. Liv og lagnad i Austad sokn, utgeve av Setesdalsmuseet, 2024, side 169–179
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind III, utgjeve av Bygland kommune, 2005, side 204–216