Ann-Torill Briksdal

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Ann-Torill BriksdalSymbol confirmed.svg
Født: 22. januar 1979 (45 år)

Ann-Torill Briksdal (født 22. januar 1979) er frå 1. mai 2019 dagleg leiar for konsernet Hovden Alpin Resort AS, toppselskapet for driftsselskapa Hovden Alpinsenter AS, Hovden Alpin Servering AS og Hovden Aktiv AS. Før dette var ho vertskap på Hovden Fjellstoge saman med mannen Roy Bakke frå juni 2010.

Ann-Torill er frå Stryn, og gjekk på Firda vidaregåande skule. Frå 1999 til 2003 tok ho bachelorutdanning i økonomi på Handelshøyskolen BI. Frå 2006 arbeidde ho på Radisson Scandinavia Hotel i Oslo i fleire stillingar. I 2010 kom ho til Hotell Caledonien i Kristiansand som hotellsjef, men der vart ho bare i tre månader før dei flytta til Hovden.

Frå 2013 er ho med i programkomiteen for Setesdalskonferansen.

Kjelder