Alf Juel Stausland

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Alf Juel Stausland
Født: 14. juni 1914
Død: 14. juli 1944 (30 år)

Alf Juel Stausland (fødd 14. juni 1914 i Søgne, død 14. juli 1944) var instrumentmakar i Bergartilleribataljon nr. 1Evjemoen og motstandsmann under andre verdskrigen. Han hadde utdanninng frå Teknisk fagskule, handelsskule, Statens gymnastikkskule og ulike kurs.

Alf kom tidleg med i Milorg som instruktør. Han blei arrestert av tyskarane 20. januar 1943. Han vart først send til Kristiansand, og etter det til Grini fangeleir. Seinere kom han til Natzweiler-Struthof, ein tysk konsentrasjonsleir sør for Strasbourg i det franske Elsass (fransk Alsace). Her døydde han 14. juli 1944. Namnet hans er hoggen inn i Minnesteinen ved Evje kyrkje over dei som sette livet til i kampen for fedrelandet 1940-1945.

Alf var gift med Gudny Stausland, som var dotter av Tellef G. Stien. Saman hadde dei dottera Marit. Gudny gifta seg seinare på nytt, med Olaf Hommen frå Evje, og tok namnet Gudny Hommen. Foreldra til Alf var kvartermester Oskar A. Stausland (f. 1882) og Theodora Stausland (f. Ariansen 1883, Herad).

Kjelder