Øyskogen gravfelt

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Gravfeltet i Øyskogen 17. desember 2025.
Gravhaugar på nordsida av vegen 17. desember 2025.
Foto: Geir Daasvatn
Oversiktskart og informasjon om gravfeltet på skilt på staden.

Øyskogen gravfelt ligg i og ved Øyskogen sentralt i Fyresdal sentrum. Her har det truleg vore eit felles gravfelt for mange gardar i bygda i heidensk tid. Det er eit av dei største gravfelta frå jernalderen i Telemark.

Det er i alt 20 gravhaugar i feltet. 14 ligg innanfor steingjerdet på Fyresdal Bygdemuseum. På andre sida av vegen ligg seks haugar, der ein er delvis øydelagt. Gravfeltet syner truleg ein gravleggjingstradisjon frå eldre jernalder som vart vidareført inn i yngre jernalder.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart ...