Ørnefjell golfbane

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Ørnefjell golfbane

Ørnefjell golfbane var i 2007 einaste golfbane i Norge med kunstgras på alle greenane. Då banen opna laurdag 16. juni 2007 etter ei omlegging til slikt dekke, hadde arbeidet kosta 2 millionar kroner og medlemmene hadde lagt ned 1200 dugnadstimar siste månaden før opninga. I tillegg til kunstgraset var også klubbhuset rusta opp. Banen har ni hol og ligg på Ørnefjell i Bykle kommune.

For å reise pengane til prosjektet hadde Hovden golfklubb fått støtte frå Bykle kommune, Innovasjon Norge og lokale næringsdrivande i Øvre Setesdal. Sparebanken Sør Hovden si gåve var på 200.000 kroner, og Carl Otto Schiørn og Tuls Schiørn gav 50.000 kroner. Tom Kvinlog var då leiar i golfklubben.

Kart

Laster kart...

Kjelder

Eksterne lenker