Åseral Tradisjonsmat

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Åseral Tradisjonsmat var ei bedrift på Egså i Åseral som dreiv i ti år, men som avslutta i 2011. For kort sesong og for låg inntening var årsaka til at dei slutta av. Arnfinn Nesland og Siv Røysland dreiv med salting og røyking av sauekjøt og selde pinnekjøt og fenalår og anna turka sauekjøt. På det meste selde dei 550 lam på ein sesong, men det vart lite overskot til å ta ut løn frå firmaet, så sjølv om varene var mykje omtykte og omdømmet til firmaet var godt, avvikla dei verksemda.

Kjelde

Eksterne lenker