Åraksbø skule

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Skulebygget i Åraksbø 1926-1966, slik det ser ut i dag.

Åraksbø skule i Bygland var i drift frå 1864 til 1966.

Det første skulebygget låg i «Dølan», på sørsida av Bryggevegen, på grunnen til garden Urdi. Det var eit lite bygg med fire rom; skulestoge, forstoge og to mindre rom. I 1901 blei skulehuset flytta til ny tomt, i krysset mellom bygdevegen og Bryggevegen. Her var det skule til 1926. Bygget blei seinare nytta av Åraksbø Ungdomslag til ungdomshus. Det blei rive i 1970-åra.

I 1924 blei det gjort vedtak om å bygge nytt skulebygg. Den nye skulen blei bygd ca. 50 meter nord for den gamle, og stod ferdig i 1926. Bygningsmann var Kjetil Gakkestad. Det er dette bygget som i dag er i bruk som Åraksbø grendehus.

I 1966 blei Åraksbø skule lagt ned. Astrid Frøysnes heldt den siste skuletimen. Elevane blei heretter skyssa til sentralskulen på Bygland.

5. august 2017 hadde elevane som gjekk på skulen i 1959 samling i det gamle skulehuset.

Lærarar

Medan skulen var i dei to første bygga, frå 1864 til 1926, var lærarane der Tarald Nilsson Lidtveit (f. 1834, d. 1896), Åsmund Knutson Sandnes (f. 1854, d. 1934), Eivind Nereson Bygland (f. 1877, d. 1916) og Ånund Gunsteinson Skomedal (f. 1881, d. 1961).

Ånund Skomedal var også lærar ei tid i det nye skulebygget, som kom i 1926. Etter han var lærarane der Tallak Tarkjelson Frøysnes (f. 1911, d. 1983), Sigurd Haugen (f. 1926), Hallvard Torgrimson Eldhuset (f. 1914, d. 1976), Hallvard Frøysnes (f. 1933) og Astrid Frøysnes (f. 1935).

Kjelder