Ådneram

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Ådneram 20. mai 2018.

Ådneram er ein gard (gnr. 2) heilt nord i Sirdal. Garden ligg om lag 600 moh. I aust grensar Ådneram mot Suleskar. I sør og sør-vest er Fidjeland grannegard. Mot vest og nord-vest ligg garden Lyse i Forsand i Rogaland. I nord grensar Ådneram over ei kortare strekning til Bykle.

I 1980 var det tre bruk på Ådneram.

Historie

Ein kan truleg rekne med at Ådneram har vore busett før Svartedauden (1349/1350). Garden har så blitt liggande aude i lang tid. Første gang han blir nemnd i skriftlege kjelder er i 1611. På første halvdel av 1600-talet var både Ådneram og nabogardane Suleskar og Fidjeland eigd av Torbjørn Bjørnsen Bersagel i Høle i Rogaland.

Kjelder

Kart

Laster kart ...