Evje Nikkelverk (AS)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 26. oktober 2016 kl. 23:38 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Evje Nikkelverk AS)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Evje Nikkelverk AS var eit aksjeselskap som stod for drifta av Evje nikkelverk og Flåt gruve i Evje 1909-1925.

Gruvedrifta på Flåt starta opp i 1872 og smelteverket på Verksmoen i 1873. Då var det IS Evje Nikkelverk som stor bak drifta. Det viste seg etter kvart at det var for lite pengar i dette driftsselskapet til nye, store investeringar. Selskapet trong frisk kapital for å kome seg vidare. Mot slutten av 1908 blei det reorganisert. Eit nytt, verkeleg aksjeselskap med meir kapital bak seg blei skipa og overtok drifta. Også dette bar navnet Evje Nikkelverk. Admiral Jacob Børresen og Sam Eyde var sentrale aksjonærar og tok leiinga. Ny kapital blei tilført, for å modernisere anlegga og auke drifta.

I ein tiårs-periode framover frå 1910 var det ei sikker og lønsam drift ved anlegget på Evje. Men drifta ved Flåt gruve stansa opp igjen i 1920. Uheldige investeringar i Canada, og fallande priser etter første verdskrigen, kom til å knekke selskapet heilt. Fem år seinare blei det slått konkurs. Det var såleis eit nytt selskap, Raffineringsverket AS, som kom til å stå for drifta av anlegget i den tredje og siste driftsperioden, frå 1927 til 1946.

Kjelder

[[Kategori:Etableringer i 1909