Evje Nikkelverk (AS)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Evje Nikkelverk AS var eit aksjeselskap som stod for drifta av Evje nikkelverk og Flåt gruve i Evje 1909-1920.

Gruvedrifta på Flåt starta opp i 1872 og smelteverket på Verksmoen i 1873. Då var det Evje Nikkelverk IS som stor bak drifta. Det viste seg etter kvart at det var for lite pengar i dette driftsselskapet til nye, store investeringar. Selskapet trong frisk kapital for å kome seg vidare.

I 1908/1909 blei selskapet reorganisert. Eit nytt, verkeleg aksjeselskap med meir kapital bak seg blei skipa og overtok drifta. Dette bar namnet Evje Nikkelverk AS. Admiral Jacob Børresen og Sam Eyde var sentrale aksjonærar og tok leiinga. Ny kapital blei tilført, for å modernisere anlegga og auke drifta. Evje Nikkelverk AS oppretta Kristiansand Nikkelraffineringsverk (KNR) i Kolsdalen i Kristiansand i 1910.[1]

I ein tiårs-periode framover frå 1910 var det ei sikker og lønsam drift ved anlegget på Evje. Det skjedde i nært samarbeid med det nye raffineringsverket i Kristiansand (KNR), som byrja å smelte nikkel frå 1. november 1910. Men drifta ved Flåt gruve stansa opp igjen i 1920. Uheldige investeringar i Canada, og fallande prisar etter første verdskrigen, kom til å knekke KNR og dermed også Evje Nikkelverk AS heilt. I 1926 blei selskapet og anlegga på Evje selde på tvangsauksjon. Det var såleis eit nytt selskap, Raffineringsverket AS, som kom til å stå for drifta av anlegget i den tredje og siste driftsperioden, frå 1927 til 1946.

Kjelder

Referansar

  1. Flåt nikkelgruver og bygda. Arbeidarhistorie, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 27