Gunnar Stubseid

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. juli 2011 kl. 12:26 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Plater: lenke)
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunnar Stubseid

Gunnar Stubseid (fødd 23. januar 1948 i Bygland) er ein norsk folkemusikar og lærar. Han er rektor ved Ole Bull-akademiet på Voss sidan 2002, men bur på Helle i Valle kommune.

Biografi

Lærarutdanninga si fekk han ved Bergen lærerhøgskole og sidan har han teke magistergraden i etnologi på Universitetet i Bergen på avhandlingen Frå spelemannslære til akademi. Den kom ut som bok i 1992.

Han har vore leiar for folkemusikk-samlinga ved Etno-folkloristisk institutt (1976), han var redaktør for Spelemannsbladet i ti år (1978-1988) og leiar i Norsk Folkemusikklag frå 1998 til 2001. Han var leiar for Ose Kulturverkstad og før han vart rektor på Ole Bull-akademiet, var han undervisningsleiar der frå 1998. Han er utøvande spelemann på hardingfele og har gjeve mange konsertar i Norge og utlandet.

Gunnar Stubseid har gjeve ut mange bøker og medverka på mange plate, fire plater vart nominerte til Spellemannsprisen, Slinkombas, som han gav ut saman med Kirsten Bråten Berg, Hallvard T. Bjørgum og Tellef Kvifte fekk prisen i 1979.

Utgjevingar

I Bibsys er han oppført med 229 utgjevingar. Det inkluderer både bøker og spor på plater som han har vore med på.

Bøker

Eit utval
  • Ole Bull og folkemusikken (Wigmostad Bjørke 2010) saman med Håkon Asheim
  • Sigbjørn Bernhoft Osa (Eide Forlag, 2003)
  • Sjønna på Elbursfjell - Alexander Seippel - livet og livsverket (Høgskoleforlaget, 2001) saman med Aasulv Lande og Sylfest Lomheim

Plater

Eksterne lenker