Grautkupte

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 7. januar 2011 kl. 00:56 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (utvida noko)
Hopp til navigering Hopp til søk

Grautkupte er ei trøye i vadmål som vert brukt som jakke av både menn og kvinner. Plagget har vore i bruk iallfall frå kring 1870. Namnet har truleg opphav i at det blei sagt at ho var varm som ein graut. Etter tradisjonen kunne menn ha grautkupta både i og utanpå buksa. Jakka har enkelt broderi, som oftast antikk løyesaum og ei eller fleire hekter. Før var det bare ein grøn lapp utan saum framme på grautkupta, jfr biletet på digitalt museum.

I dag er grautkupta eit stasplagg som vert brukt av begge kjønn og pynta fritt frå setesdalsbunaden.

Kurs

År om anna skipar ein kurs for å lære folk å sy grautkupte. Bygland husflidslag skipa til kurs for åtte deltakarar over åtte kveldar frå slutten av januar 2011 på Bygland skule med Solveig Ose som lærar.

Kjelde

Eksterne lenker