Stemmerettsjubileet 2013
Stemmerettsjubileet 2013 er ei markering av at det i 1913 vart innført allmenn stemmerett i Norge. Som første land i verda av Norge stemmerett til kvinner på lik linje med menn. I 2013 har Regjeringa lagt opp til mange markeringar. Den første skal vere 8. mars 2013, då skal jubileet sparkast i gang på landsbasis. Dette skjer ved arrangement på Eidsvoll og opningsforestilling i Kilden i Kristiansand. Men lokalt kan det vere arrangement til andre tider.
I Setesdal
Onsdag 9. januar var stemmerettsjubileet 2013 tema i Valle Radio.
Bykle kommune
Valle kommune
I Valle lyser kommunen ut prosjektmidlar/arrangørstøtte til skulane, lag, organisasjonar og andre som ønskjer å knytte eit arrangement eller prosjekt til dette viktige jubileet. Budsjettposten er på 40.000 kroner. Søknadsfristen er 15. februar 2013.
Bygland kommune
Evje og Hornnes kommune
Kvinner i leiande politiske verv
- Magnhild Rygg, ordførar i Bygland
- Else Marie Lønn, varaordførar i Evje og Hornnes
- Inger Juvastøl, varaordførar i Evje og Hornnes
- Eli Tomine Moe, varaordførar i Bygland 2007-2011
- Sigbjørg Næss, varaordførar i Valle
- Nina Susanne Johnsen, varaordførar i Valle 2012-2015
- Anne Ellen Senum, varaordførar i Bykle