Esaias Bugge

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. april 2020 kl. 18:49 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (nivå på mellomtitler)
Hopp til navigering Hopp til søk
Esaias Bugge
Født: 1613
Død: 1697 (alder 83–84)

Esaias Bugge (1613 - 1697) var ei tid kapellan hjå Niels Pedersen, men vart i 1661 sett til sokneprest i Valle. Seinare vart det prosess etter prosess, så folk trega på «at dei ikkje skulle kabbe Buggen med same han kom til dalen».

Bygdesoga

Esaias Hansson Bugge f. 1613, d. før 1698

  1. g. 1641 m. Mette Bentsdtr. n. 1700, d. før det. Born, iallfall:
    1. Maren f. ca. 1661, g. m. Karolus Kinling d. 1710 (Hommehaugen, bnr. l).
    2. Kirsten n. 1700-05, g. m. Augustinus Bertelsen Dons dsk. 1705 (jfr. nedafor).
    3. Mette f. ca. 1666, g. 1697-98 m. Ånund Olsson Åmli f. ca. 1670 (Åmli, bnr. 6).
  2. g. m. Bodil Jørgensdtr. U-Roe n. 1700, d. etter det. Ikkje kjende born.

Peter Blom fortel i Beskrivelse over Valle prestegjeld at far åt Esaias Bugge var Hans Bugge, sokneprest i Etne (Sunnhordland). Opphavet til konone kjenner me ikkje.

Det finst eit måleri av Esaias Bugge i Valle kyrkje - det er der me finn fødselsår og året han gifte seg fyrste venda. Det står i tillegg på måleriet at han vart ordinera til prest 1. desember 1637.

Som ein.kan lese under Åmli, bnr. 6, gifte dotteri Mette seg mot farens vilje, og saki det vart mellom Esaias Bugge og folki på det bruket kan ein lese om der.

I innleiingi til brukarsoga om Kyrvestad er det gjort greie for det mistaket tradisjonen har gjort med å blande saman Esaias Bugge og ein av hans føremenn. Det finst eit døme til på dette. I Gamalt or Sætesdal står det at eine dotter hans vart gift til Brottveit. Som me ser er ikkje det rett. Derimot hadde Nils Pedersen (ovafor) to døtrer som gifte seg til den garden.

I bolken «Hylje» er det fortalt om usemie mellom bøndene på Hovet/Haugen og Esaias Bugge om eigedom der ute. Ein må vere samd med presten Peter Blom i at Bugge maa have havt en urolig embedstid i Valle, da han har maattet føre mange processer med sine sognefolk om næsten enhver rettighed, ... Beskrivelse over Valle prestegjeld). Nokre av sakene han var oppe i skal me sjå på.

Rettsaker

1685

9. mars 1685 la Esaias Bugge fram stathaldarstemning over bøndene i Hylestad og dessutan oppsitjarane på Hoftuft, Kvåsåk og Haugum, fordi dei ikkje hadde betala smøravgift og ostetiende. Som hovudmenn vart stemnde Tariei og Dreng på Hoftuft, Tariei Sveinsson i Berg og Gunnar på Besteland.

Presten la au fram ein lagmannsdom frå 1670 der bøndene vart pålagde å betale. Før lagmannsdomen vart avsagd, hadde det same året vore ein soren.skrivardom om saki der lagrettemennene nekta å døme slik at skrivaren avgjorde saki åleine. Lagrettemennene hadde m.a. som grunn for at dei ikkje ville døme at dei sjølve var stemnde. For denne forsømingi vart dei ilagde bøter. I sjølve hovudsaki fekk presten medhald - han skulle ha sine avgifter. Også i domen i 1685 fekk bøndene pålegg om å betale ost og smør til presten som det frå gamalt var gjort.

1693

1 1693 var det ny sak mellom presten og ålmugen. Presten kravde at anten skulle både komtiendi og alle andre avgifter betalast etter ei ny lov frå 1689, eller alt skulle betalast slik det hadde vore skikk frå gamalt. Det er likt til at bøndene helst vifte halde seg til den nye lovi når det galdt avgifter, medan dei for komtiendi ville halde seg til den gamle ordningi. Etter den nye lovi skulle korntiendi betalast in natura (med kom) - tiandekvart kornband skulle leggjast til sides ute på åkeren. Etter den gamle ordningi betala bøndene 15 nottungar (ca. 90 1) av kvar hud skyld, og denne avgifti vart dela likt mellom presten, kyrkja og kongen. Nokre av oppsitjarane hadde dessutan sendt eit klageskriv over Esaias Bugge til stiftbefalingsmannen. I det skrivet hadde dei mellom anna krauna for at presten på siste tinget hadde truga dei med bolt og jern om dei ikkje tok skeii i ei onnor hand. Dette var slett ikkje sant, heldt han fram, og han let over seg for deira staæ vrangvilje

Bøndene på si side stod på sitt og heldt fram at dei var viljuge til å gjere eid på at det dei hadde uttrykt i klageskrivet var sant alt saman.

Alt mogeleg, les me i referatet frå rettssaki, vart gjort for å få i stand semje mellom ålmugen og presten, men utan resultat, og saki vart utsett til neste ting. Bøndene hadde vorte lova svar på klageskrivet sitt, sa dei, og det var grunnen til utsetjingi.

På ny la presten fram sitt syn og streka under at han var tvinga til å føre denne saki etterdi det fanst nokre «oprørische Mennisker» mellom ålmugen som fekk resten av folk med seg i ulydnad. Bøndene hadde ikkje fått svar på klageskrivet, og etter at det på nytt vart prØva å få til semje, fall det dom i saki.

Vel var det så, sa retten, at den nye lovi av ymse grunnar hittil ikkje hadde vorte praktisera for dette distriktet, men dei fann likevel å måtte påleggje både prest og bønder å halde seg etter henne heretter. Med omsyn til det nemnde klageskrivet kunne dei ikkje gjere noko sidan dei ikkje hadde nokon kopi å halde seg til. Dette måtte eventuelt takast opp i ei særskild sak. Ingen av partane vart idømde bøter eller sakskostnader.

1694

Oppsitjarane i Berg i Valle, Torleiv (Steinsson, bnr. 3; på hans vegner møtte sonen Stein), Åsmund (Folkesson, bnr. 4) og Niklos (Knutsson, bnr. 1), vart stemnde av Esaias Bugge i 1694. Dei var skuldige landskyld for to år av 1 kvartel i Berg (tilsvarar 3 ksk.). Som dokumentasjon på retten sin la presten fram ei avskrift av ei jordebok som ein tidlegare prost i Råbyggjelaget, Anders Madsen, hadde levera til soknepresten på Evje, Hans Hansen Mariager. Utskrifti var gjord av den siste og dagsett 20. april 1625.

Bergsbøndene meinte ikkje dei var pliktige å betale det presten kravde - det var mennene i Åmli som laut svare for det, sidan oppsitjarane der frå gamalt av hadde bruka halvonnor hud i Berg. (Som ein kan sjå t.d. i avsnittet «Matrikkelopplysningar» i innleiingi til Berg (V.), var det i røyndi tale om 20 ksk.).

Retten var samd med Bergsfolki. Åmlimennene hadde frå gamalt betala den landskyldi presten hadde krav på av Berg, og slik skulle det au vere i framtidi på grunn av at dei åtte ein part i den garden.

Lenger oppe er det fortalt om ei semje presten Nils Pedersen gjorde med bøndene om at dei skulle slå ei dogurdsøykt for han. Denne semja vart innteki i ein seksmannsdom frå 1685, og denne domen la Esaias Bugge fram i ei sak han hadde med bøndene i prestegjeldet om denne retten i juni 1694. Tiltalen hans var at bøndene dei to siste åri hadde nekta å gjere dette arbeidet.

Bøndene heldt fram at dei nok skulle slå for presten ei dogurdsøykt, dersom han ville late seg nøgje med det føremennene hans hadde hatt. -Elles streka dei under at presten sjølv hadde sett seg utover lovi ved at han hadde halde dei lenge over den fastsette tidi.

I domen vart bøndene pålagde å gjere plikti si og kvar 12 skilling i bot for kvart år som plikti vart forsømd. Men det vart au sagt i domen at dei ikkje skulle vere pålagde å arbeide lenger enn frå fem om morgonen til ti om føremiddagen.

Endå ei sak rokk Esaias Bugge i 1694; då var det bøndene i Tveitebø han hadde sett seg arg på. Det var Hallvard Olsson Kyrvestad som møtte i retten på Ose på vegner av presten - han var ingen ungdom lenger.

Tveitbyggjane hadde ikkje vilja «bequemme» seg til å halde istand ei røykstoge (- seinare i saki kalla eldhus -) i Prestegarden slik deira føremenn hadde gjort før dei. Stoga var så elendig, skriva presten i stemningi si, at mand med Stoer rædsel og lifsfahre maa side udj den.

Dei innstemnde ville ikkje nekte å «forfærdige» huset, men dei meinte at bøndene på nørdre sida av Otre i Bykle au burde vere med på det, sidan dei hadde teke sin del av arbeidet med å byggje det.

I domen vart det slege fast at «altnuen» i prestegjeldet hadde plikt til å vedlikehalde tri av husi i Prestegarden; en Borgerstue, it HerreCammer, og en Stald. Det omstrida huset i denne saki var TveitebØs ansvar, men også dei bøndene i Bykle som hadde vore med på å koste det opp frå byrjingi vart pålagde å deltake i vedlikehaldet. Huset laut reparerast før vinteren, elles skulle presten ha rett til å krevje av dei ansvarlege det lensmannen og to menn måtte finne at utbetringi kosta.

Same dagen som saki ovafor var Dreng Brottveit på vegner av valldølane og Svein Nomeland på vegner av hylstringane stemnde. - Det var presten i Bygland, Christen Skanche på vegner av enkja etter føremannen i embetet - ho heitte Pernille og var enkje etter Hans Kjeldsen - som stod bak. Årsaki var at bøndene i Hylestad og Valle hadde lova Hans Kjeldsen 1/2 rd. av kvar gard dersom han ville hjelpe dei i ei «thrætte» med Esaias Bugge.

Dei to innstemnde streka under at det på ingen måte var lova 1/2 rd. av kvar gard til Hans Kjeldsen. Dei mennene i Valle som hadde gjort avtale med han var Nils Brottveit, Daniel Åmli, Gunnar og Augund Rike, Gunnulv og Knut Tveiten. I Hylestad var det Olav Hovet, Torleiv Berg, Bjørn Haugen og Olav Nomeland. Folk hadde dessutan ikkje hatt nytte av Kjeldsens hjelp; han hadde skriva noko for dei på ein papirlapp, men domen gjekk tvert i mot det som der var skriva.

Retten talde au partane til å late saki liggje, sidan det ikkje var særleg fast grunn å byggje på. For å få dom laut både Hans Kjeldsens lapp og den nemnde domen leggjast fram, slik at det kunne vurderast om hjelpi hadde vore til nytte eller ikkje.

Det kan sjå ut som oppmodingi vart fylgd - me ser iallfall ikkj e meir til saki.

1696

I februar 1696 var det sak att mellom Esaias Bugge og bøndene i prestegjeldet, og det var stort sett det same som før, manglande betaling av smør og ost og dessutan ikkje utført dogurdsøykt. Det siste galdt Bykle og Hylestad. Semje vart tilrådd, men ikkje oppnådd, og domen gav presten medhald. Dei som ikkje hadde betala det dei plikta av smør og ost skulle bøte 8 skilling kvar. Med omsyn til den forsømde dogurdsøykti vart det visa til domen frå 1694 om at den som ikkje gjorde det arbeidet skulle bøte 12 skilling. Denne venda vart det likevel ikkje idømt såvori bot, sidan forsømingi etter rettens syn nok helst skuldast «Enfoldighed».

Versonen til herr Esaias, Karolus Kinling, fekk i 1696 overført til seg prestens pant på 1 h. i Hommehaugen. Pantesummen var på 119 rd. 2 sk. og skriva seg frå 1675. Likeeins vart det overført til Karolus pant i eit mælesåd åker i Hommelunden.

Før 18. mars 1698 var Esaias Bugge død. Enkja etter han, Bodil Jørgensdtr., fekk i juni same året tinglyst eit testamente som var sett opp den nemnde dagen. Det gjekk ut på at sidan ho ikkje hadde livservingar med mannen sin, som no var død, ville ho overlate «sin Suoger» Augustinus Bertelsen Dons helvta av det ho åtte når ho var død og når utgiftene til gravferd for henne var dregne frå.

Stutt tid før han døydde, overlet Esaias Bugge prestekallet til den nemnde versonen. Det skjønar me av ei kontrakt som Augustinus Dons skriva under på 22. november 1697. Ho gjekk ut på at på grunn av avståingi av kallet skulle Bodil Jørgensdtr. for resten av si levetid ha rett til 1/4 av dei faste inntektene i prestekallet, og ho skulle få ha dei romi i Prestegarden ho då bruka.

Skifte

Det var dødsskifte etter Esaias Bugge 3. april 1700. Der er fyrst teke med den semja mellom versonen Ånund Olsson Åmli og kona på den eine sida og Bodil Jørgensdtr. på hi som er nemnd under Åmli, bnr. 6. Lausøyra, pengar, krætur o.l. hadde ervingane dela seg minneleg, så me får ikkje greie på kor mykje det var av den slags. Odelsgodset var 31/2 laup eller 7 huder i garden Rygg i Etne skipreide (Hordaland), verdsett til 252 rd. Denne eigedomen skulle i si tid vere kjøpt av Hille Rosenkrans og etter transport frå Kirsten, enkja etter herr Annanias Bugge, overteken av Esaias Bugge. Det vert ikkje opplyst kva skyldskap det var mellom Esaias og Annanias Bugge, men dei kan t.d. ha vore brør.

Pantegods var det ein del av
  • 1 h. i Sagneskar for 101 rd. 2 ort 9 sk. etter brev frå Åsmund Salmundsson Sagneskar og Torgrim Tarjeisson, utferda i 1677.
  • I Kjelleberg var det au 1 h. for til saman 100 rd. Det pantet gjekk attende til 1651 - Såve Kjelleberg hadde då panta det vekk til Kjetil Rike, og frå han var det overført til Esaias Bugge i 1670.
  • Vidare var det 1 gsk. i Berdalen i Bykle for 30 rd. 8 sk. og dessutan eit skogstykke under same garden.
  • Skogen som høyrde til Holen i Bykle var au panta til Esaias Bugge ved brev frå 16. august 1677, og det same galdt skogen til V2 h. i Tveiti i same sokni.

I Rygnestad var alt Åsmund Rygnestads fastegods bortpanta fordi Bugge hadde betala skattane hans osb., til saman 24 rd., og det var au tale om 1 mælesåd i Husåkeren i Sagneskar for 22 rd. Verdet av alt dette pluss tilgodehavande pengar vart sett til 583 rd. 3 ort 61/2 sk.

Esaias Bugges verson Augustinus Bertelsen Dons tok som nemnt over prestekallet, men det var dødsskifte etter han alt i 1705. Kirsten og han hadde då tri born i live, dotteri Kirstine Marie og sønene Bertil og Esaias. Esaias døydde alt 8. juli 1706, men kvar det vart av mor hans og syskeni veit me ikkje.

Det var eit rikt bu, iallfall jamført med det som var vanleg mellom bøndene. Det var vel 3241/2 rd. i reide pengar, gull for 13 rd. og sylv for 110 rd. Vidare var det 28 bøker, dei fleste på latin, og elles mykje lausøyra. Me nemner her det som vart oppgjeve av krætur:

  • 1 raud kyr med stjerne i panna (2 rd. 2 ort);
  • 1 raudsida kyr (2 rd. 2 ort);
  • 1 svartsida kyr (2 rd. 2 ort);
  • 1 raudsida kyr (2 rd. 1 ort);
  • 1 bleik raud kyr (2 rd.);
  • 1 raudflekkut kyr (2 rd.);
  • 1 svart kyr med kvitt hovud, utan horn (2 rd.);
  • 1 liti, svartsida kyr (1 rd. 3 ort);
  • 1 raudspraglut kyr (1 rd. 3 ort);
  • 1 liti, raud kvige (1 rd. 2 orø;
  • 1 stut (1 rd. 3 ort);
  • 1 lite ungnaut med kvitt hovud (1 rd.);
  • 12 sauer (4 rd.);
  • 1 geit utan horn (1 ort);
  • 2 grisar (1 rd. 2 ort);
  • 1 gamal merr (2 rd.).

Samla verde av buet var 1021 rd. 2 ort 12 sk., medan gjeld og utgifter var 120 rd. 2 ort 12 sk.

Bygdesogeskrifter

Prestegarden var stor, så om sumrane var folk pålagde å hjelpe til i slåt­ten. Dette dugnadsarbeidet nekta hylstringane å gjere. Presten hadde og forbrote seg, meinte dei, då dei laut arbeide lenger enn rett. Under prosessen fira han ikkje på kravi for å leve i fred med folk, som N. Pedersen hadde gjort. Kvar bonde vart dømd til betale 12 sk. året dei ikkje hadde arbeidt og 16 sk. for skaden på avlingi. Han dreiv og sak om smør- og ostereien, og fekk det som han ville. Desse dokumenti ligg i prestegarden.

Men han fekk og skuldi for det han ikkje hadde gjort, som var tilfellet med Gunstein Kyrvestad. Etter folketradisjonen vart Åkresmennene så ute for han i Finndalen, der Bugge tok frå dei ein stor teig med slåtte og beite. Skriftlege dokument om dette er enno ikkje funne, men i staden spøkte han der mykje, serleg i durme ver høyrde dei gamle han huva. «Han hadde så uhøyrt eit mål, venare enn karmannmål, men ikkje fullt så vent som eit kvendemål», fortalde dei til Skar.

Frå Rike skulle han og take ein teig ved Stavatn og Prestvatn. Men der har dei ikkje høyrt Deildegasten, då han nest før han døydde ville rette det galne.

I 1697 - siste året han levde - hadde han si siste rettssak, som ligg i statsarkivet i Kristiansand. Det galdt Mætte, hans eigi dotter, som hadde huglagt bondeguten Ånund O. Åmli. Etter festarmålet flutte ho til Åmli; men 4 namngjevne menn fekk påbod frå presten om å hente både henne og barnet. Ånund og Mætte stengde seg inn i stolphuset, som dei 4 mennene ikkje våga å brjote opp, då Ånund svor at han ville setje seg til motverje. Barnet tok dei og leverte til presten.

Ei onnor dotter vart gift med løytnant Carolus Kingling, ein hollendar. Eldste sonen heitte Esaias, vart lensmann og budde i Homme. Den tridje dotteri til Bugge vart gift med Augustinius Bertelsen Dons. Prestekona Boel Uroe Bugge gav nytt døypefat og altarduk til kyrkja. Fatet er merkt B. W. 1680, likeins altarduken, som er i bruk enno.

Kjelder