Raudvatnet

Foto: Erling Momrak Haugann/Lokalhistoriewiki
Raudvatnet er eit vatn i Finndalen i Valle. På 1960-talet blei Finndøl-vassdraget regulert til kraftproduksjon, og vatna Hovvatn (lengst sør), Fisstøylvatnet og Raudvatnet (lengst nord) blei til eitt stort, samanhengande vassmagasin. Ved nordre enden av vatnet ligg dei nedlagte støylane Gamasbø og Ækra. Bispevegen gjekk forbi her.
I Raudvatnet er det ein holme som heiter Kyrkjeholmen. Der skal det ha vore ei kyrkje den tid Finndalen hadde fast busetnad.