Bykil
Bykil (uttale Bykjil, tidlegare også skrive Bykhyl) er eit vatn i Bykle kommune. Det ligg eit stykke sør for Bykle kyrkjebygd som ei stillvetne i Otra, der Setesdal er på sitt aller smalaste, og får også vatn frå Floslivatnet. På austsida av Bykil ligg Byklestigen.
På 1960-talet ville kraftutbyggarane bygge ein svær betongdam akkurat her, og lage eit kjempemagasin tvers over dalføret. Planane vart stansa av regjeringa i 1969.
Namnet
Sentrum i Bykle er garden Byklum. Frå dette gardsnamnet har så namnet på kyrkjesoknet og bygda kome. Men gardsnamnet er truleg ikkje det primære i denne rekka. Byrjinga må vere stadnamnet Bykil. Tarald Nomeland meiner Bykil kjem av det gamalnorske ordet bygil; altså noko som er bøygt, ein bøyg eller bug. Det høver på Bykilen, han ligg noko bugen midt i dalen.
Kjelder
- Lokalhistoriewiki.no
- Johs. Bjørkeli og Gro Seland, Reddet bygda fra neddemming, artikkel i Fædrelandsvennens lørdagsmagasin God Helg 24. oktober 2014
- Knut Gjerden, Bykle kultursoge, utgjeve av Bykle kommune, 1993, side 364