Bykil

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. februar 2020 kl. 19:53 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt om namnet)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Bykil - Bykle 041214.JPG
Bykil sett mot nord frå Byklestigen.

Bykil (uttale Bykjil, tidlegare også skrive Bykhyl) er eit vatn i Bykle kommune. Det ligg eit stykke sør for Bykle kyrkjebygd som ei stillvetne i Otra, der Setesdal er på sitt aller smalaste, og får også vatn frå Floslivatnet. På austsida av Bykil ligg Byklestigen.

På 1960-talet ville kraftutbyggarane bygge ein svær betongdam akkurat her, og lage eit kjempemagasin tvers over dalføret. Planane vart stansa av regjeringa i 1969.

Namnet

Sentrum i Bykle er garden Byklum. Frå dette gardsnamnet har så namnet på kyrkjesoknet og bygda kome. Men gardsnamnet er truleg ikkje det primære i denne rekka. Byrjinga må vere stadnamnet Bykil. Tarald Nomeland meiner Bykil kjem av det gamalnorske ordet bygil; altså noko som er bøygt, ein bøyg eller bug. Det høver på Bykilen, han ligg noko bugen midt i dalen.

Kjelder