Fylkesveg 3798

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. mars 2019 kl. 06:51 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fv-312 forbi skulane på Evje.

Fylkesveg 312 startar frå Riksveg 9 i krysset sør for Evje sentrum, går nordover gjennom sentrum til Arendalskrysset, passerer der over Fylkesveg 42 (Arendalsvegen), og fortset vidare nordover forbi Evje ungdomsskule, Evje barneskule og Oddeskogen bustadfelt til Evje kyrkje. Ved kyrkja munnar vegen ut i Fylkesveg 306 (Gautestadvegen). Vegen er 2,3 km lang.

Dei lokale namna på Fv-312 er Nils Heglands veg gjennom Evje sentrum til Arendalskrysset, og Evjevegen frå Arendalskrysset til Evje kyrkje. Fram til «kompensasjonsvegen» kom gjennom Evje rundt 1967 var dette vegstrekket ein del av hovudvegen gjennom Setesdal.

Kjelder