Klemmet Torgersen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 17. juli 2018 kl. 21:03 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (fdato birthday.se)
Hopp til navigering Hopp til søk
Klemmet Torgersen
Klemmet 2010.
Født: 8. april 1949 (77 år)

Åge Klemmet Torgersen (fødd 8. april 1949) er pensjonert butikkekspeditør på Evje. Han arbeidde i ei årrekke hos Lars Kile AS. No bur han i Tingberget bustadfelt litt nord-aust for Evje sentrum.

Klemmet var ein svært dyktig skihoppar i ungdomen. I 1965 blei han nr. 13 i junior-NM på Hamar. På Sørlandet var han på denne tida den suverent beste hopparen i sin klasse. Klemmet utvikla seg videre, og blei i 1967 nr. 3 i junior-NM. Dette året hoppa han også i Holmenkollen. Han vart krinsmeister i 1968 og 1974. 3. mars 1968 fall han i eit renn i Songebakken, og skada seg stygt. Hoppkarriera fekk ein brå slutt, og han konkurrerte ikkje på ski i fleire år etterpå. I 1974 tok han likevel på seg hoppskia igjen, og vann eit siste krinsmeisterskap. Klemmet representerte Otra IL.

I seinare år har Klemmet vore ein av dei ivrigaste dugnadsarbeidarane under oppbygginga av «nye» Trollbakken hoppanlegg.

Utmerkelsar

Kjelder

Eksterne lenker