Klemmet Torgersen
| Klemmet Torgersen | ||
|---|---|---|
| Klemmet 2010. Foto: Geir Daasvatn
| ||
| Født: | 1949 (alder 76–77) | |
Åge Klemmet Torgersen (fødd 1949) er pensjonert butikkekspeditør på Evje. Han arbeidde i ei årrekke hos Lars Kile AS. No bur han i Tingberget bustadfelt litt nord-aust for Evje sentrum.
Klemmet var ein svært dyktig skihoppar i ungdomen. I 1965 blei han nr. 13 i junior-NM på Hamar. På Sørlandet var han på denne tida den suverent beste hopparen i sin klasse. Klemmet utvikla seg videre, og blei i 1967 nr. 3 i junior-NM. Dette året hoppa han også i Holmenkollen. Han vart krinsmeister i 1968 og 1974. 3. mars 1968 fall han i eit renn i Songebakken, og skada seg stygt. Hoppkarriera fekk ein brå slutt, og han konkurrerte ikkje på ski i fleire år etterpå. I 1974 tok han likevel på seg hoppskia igjen, og vann eit siste krinsmeisterskap. Klemmet representerte Otra IL.
I seinare år har Klemmet vore ein av dei ivrigaste dugnadsarbeidarane under oppbygginga av «nye» Trollbakken hoppanlegg.
Utmerkelsar
- Otra ILs Ærespris 1965
Kjelder
- Olav Arne Kleveland, Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie, jubileumsbok utgjeve av Otra IL, 2010, side 308-309