Lidtveit (Bygland gnr. 22)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. september 2017 kl. 00:19 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kart)
Hopp til navigering Hopp til søk
Lidtveit 15. mai 2016.

Lidtveit er ein gard (gnr. 22) i grendelaget «Gardan» i Åraksbø i Bygland. Garden ligg på flata etter at ein har passert Nordenå og Gakkestad på veg oppover i terrenget. Vidare langs vegen ligg den siste garden i Åraksbø, Haugetveit. Gardstuna ligg 450-500 m.o.h.

I sør og vest grensar Lidtveit mot Gakkestad. Mot nord-vest er det grense mot Skore og Søndre Austad. Grensa mot aust er Hovassåni. Det er eit par kilometer mot nord til Hovatn.

Det kom bygdeveg fram til Lidtveit først i 1916.

Historie

Garden blei nok lagt øyde ein gong etter Svartedauden, og rydda opp igjen på byrjinga av 1600-talet. Det var to hovudbruk i garden til 1660, og seinare tre bruk fram til ca. 1900.

Kjelder

Kart

Laster kart ...



🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.