Grenjåmyra
Grenjåmyra var eit svært myrområde rett «bak» (aust for) Evje sentrum. Det var først Evje Nikkelverk (AS) som eigde myra. Verket brukte den første perioden brenntorv i smelteprosessen. Men Verket trong ikkje lenger brenntorv då dei begynte å smelte med kol, og seinare koks, i staden for med ved og torv. Grenjåmyra blei difor seld til sagbrukseigar Johan Hegland, som dyrka myra opp til jordbruksareal. Mange år seinare, rundt slutten av 1950-talet, blei heile myra lagt ut til Grenjå bustadfelt.
Kjelder
- Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 147